søndag 28. oktober 2012

Ei linje

Eg vil så gjerne streke ei linje
Midt mellom meg og vondskapen
På den eine sida står eg
med gode intensjonar
og flotte visjonar

Sjølv står eg altså på den gode sida
Den rette sida av linja
Kikkar skrått over streken,
Ser med avsky
På det som eg foraktar
Og vil distansere meg frå

På den måten kan eg dømme
dei som gjer vonde handlingar
Dei som står på den galne sida
Medan eg sjølv går fri
Alltid fri

Eg vil så gjerne streke ei slik linje
Men ser at det er nyttelaust
Verda er ikkje svart kvitt
Eller her og der
Eg endar opp med ein fot på kvar side
Same korleis eg strekar




Dagens søndagstekstar er verkeleg utfordrande. Tollaren og farisearen går begge til tempelet, og han med den beste utdanninga og vel ansette yrket, går ut att utan å verte sagt rettferdig. Grunn: han såg ned på den andre, og tenkte om seg sjølv at han var mykje betre. Tollaren derimot, syndaren som kjem krypande inn for Guds trone, går ut rettferdig. Kanskje kjenner han det ikkje slik sjølv, men Gud ser hjarta hans, og ser kor ærleg han bedømmer seg sjølv: Ein syndar, uverdig å få Guds nåde. Nettopp derfor får han nåden. Ufortent. (Luk 18, 9-14)

Også apostelen Johannes er utfordrande:  "Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss." (1 Joh 1, 8)

Å seie at vi ikkje er syndarar, er altså direkte løgn. Kanskje kan vi lure medmenneske, men vi klarar aldri å lure Gud: Han ser hjarta vårt, ser kva som bur der. Det er like godt å legge seg flat med det same, sjå sanninga i augene: Eg er ein syndar, same korleis eg snur og vender på det, og same kor mange forsøk eg har bak meg på å leve eit godt og rett liv.

Det går ikkje. Eg er avhengig av Guds nåde. Den får eg når eg ser meg sjølv i auga, og seier som sant er: Eg fortener ingenting. Så enkelt, og så vanskeleg. For kven ynskjer vel å trykke seg sjølv ned i søla?

Den som har erfart at Gud løftar ein opp av søla etterpå, og gir ein tilbake noko som er tusen gongar betre enn det ein hadde før.

1 kommentar:

  1. Dette var utrolig bra skrevet!! Diktet over var virkelig et jeg kan kjenne meg igjen i - en ønsketenkning - spikern på hodet. Takk for alt du deler og minner om. Nåden - at livet ikke er svart/hvitt.... Du deler så mye viktig - og bra. Ønsker deg en god uke!! :)

    SvarSlett